Litt om bøkene mine:

torsdag 11. september 2014

Ikkje alle får ein bauta

Skulpturen er laga av billedhoggaren Hugo Frank Wathne. 
Heldigvis; ikkje alle får ein bauta. Det kunne bli trongt i steinrøysene om så var tilfelle. I alle fall om dei skulle plasserast slik Garborg har sett seg, på ein fin utsiktsplass i Knudaheiå.

Likevel; uvanleg mange i krinsen rundt Martin Johan Mathiassen Skou, av dei som var i lag på Time på 1860-talet, har fått seg ein bauta. Oppfinnaren Torkel Lende (1849-1909) står ved Time vidaregåande skule og Sven Aarrestad (1850-1942), stortingsrepresentant, statsråd og amtmann, er blitt ståande på Bryne.

At Skou skulle få nokon bauta var ikkje tema, korkje her eller der. Men eg har høyrt songen av Hoppalong Knut. "Alle som ein kan få ein bautastein", og sjølv om eg må innsjå at eg er nesten åleine om å ha slike referanserammer, tar eg linja fram nok ein gong. (Sist eg prøvde meg såg eg i augene på alle i kommunestyresalen at dei ikkje hadde mange knaggar å henga sitatet på).

Grenda, 13.sept. 2014



Sidan boka mi heiter "Garborg og Skou -forskjell på folk?" kan eg røpa allereie no, før lanseringa, at svaret er at det er ikkje meir forskjell på folk enn at dei kvart på sitt vis kan få ein bauta "fordi dei fortener det" som reklamen seier. Og denne gongen er det rett: Skou fortener det; ikkje ein bauta i stein, men eit minnesmerke i ord.
Det er noko av det eg håper boka mi kan vera!


4 kommentarer:

  1. Jeg tror alle fortjener et minnesmerke i ord. Og jeg tror egentlig (selv om man hadde gått glipp av mange flotte skulpturer) at bautasteiner og slikt kan ta overhånd.
    Men det er nå min mening.
    Klem :)

    SvarSlett
  2. Hei Marit,navnet på kunstnere skal en oppgi ved offentliggjøring.Du visste kanskje ikke at denne store "skolten" av Arne Garborg er skapt av billedhoggeren Hugo Frank Wathne.Han sto nede på Titania,Tellnes ved Hauge i Dalane og hugget den. Han bor her på Stokka og var også en del i Skudeneshavn i oppveksten. Sønn av maleren Frank Wathne som har laget mange bilder fra Skudenesområdet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for påminninga,Sivert, gode Skudenesbu! Og takk for ukejnt informasjon. NO er feilen retta opp.

      Slett