Litt om bøkene mine:

tirsdag 10. februar 2015

Mi neste bok kjem på nynorsk

Eg er langt inne i ei ny fortelling som truleg vil koma ut til interesserte når det lir på. Og denne kjem på nynorsk.
Sjølvsagt, seier du? Det ser me jo. Du skriv jo nynorsk?!
Ja, eg skriv nynorsk, stort sett, sjølv om det var bokmål som var førstevalet til eg var nærare 30 år.
Og no er det nesten pinleg å presentera noko offentleg som ikkje er på nynorsk. Eg hadde derfor eit forsvar klar då eg la fram "Garborg og Skou - forskjell på folk?" på bokmål for ikkje lenge sidan.
Då  Blåstrømpe kom i si tid, fekk eg stadig kritikk for at den var på nynorsk, så til lags åt alle kan ingen gjera.

Men no er det avgjort: Neste bok blir på hovudmålet mitt, fordi:
- nynorsk er ein del av identiteten
- eg bur i eit nynorskområde
- eg har undervist ungdom i nynorsk i mange år
- eg har oppmuntra mine eigne born til å nytta nynorsk, - og dei gjer det
- dei som les romanar, vil heilt sikkert lesa boka utan å hefta seg med kva målform den er på

Dette blogginnlegget burde vore unødvendig. Men slik det er med språk og haldningar i dag, er det ikkje det.
Men no er eg i gong med skrivinga, og eg gler meg over det nynorske språket. Og eg trur det ligg nærast talemåla til folka eg skriv om som levde på Vestlandet på 1880-talet.

1 kommentar:

  1. Da har jeg mer å glede meg til.
    Jeg koser meg fortsatt med Garborg og Skou, de vil si jeg er i gang med omlesningen :)
    Kommer nok noen ord på e-post nær deg og en mur, om ikke så alt for lenge :)
    Ha en flott dag og en klem :)

    SvarSlett