Litt om bøkene mine:

tirsdag 24. november 2015

Jon Fosse skriv og fossen dryp

Eg har lese bøker før der forfattarar har skrive lange tekstar samanhengande utan å setja punktum og eg har irritert meg fordi resutaltet berre var at eg heiv etter pusten og blei irritert over at lesinga ikkje kunne fylgja den vanlege rytmen berre fordi ein skrivar ville vera original ved å endra på det utvendige i språket truleg fordi han ikkje makta skapa noko originalt ved hjelp av vanlege komma og punktum.

Men Jon Fossa makta det.

Han skriv. Og når eg les, er eg sikker på at blodtrykket går ned. Det som skjer rundt meg får no berre gå sin gang. Eg høyrer det dryp og dropane treff meg. Men når eg er komen til siste sida, er eg gjennomvåt fordi dropane var ein foss.

Eg har sjølvsagt høyrt mykje om Jon Fosse. Og når eg bur i Hordaland, har eg lenge tenkt at eg burde ha lese noko av han. Men det finnest mange bører, og å ha dårleg samvet for ikkje å ha lese noko, bør ikkje gjera dei tyngre å bera.

Men så kom eg over trilogien: Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd, og sette meg til å lesa. Og blei så overraska, ja, ganske fortumla. For dette er det jo råd å lesa (trass i at forfattaren har fått Nordisk råds litteraturpris, noko som i seg sjølv får ein til å tru at boka er heller utilgjengeleg for folk flest). Forteljingar sviv i tid og generasjonar, men heilskapen er der likevel.

Eg legg frå meg boka, men Alida og Asle heng i meg. Kva synest no dei om dei uventa vendingane i forteljinga? undrast eg. Før eg må minna meg sjølv på at dei er fiktive personar.

Eg må lesa meir av Fosse.

Og tilrår:
Trilogien:
Andvake, OLavs Draumar. Kveldsvævd

239 sider
Samlaget 2014 

Når tankane mine er nedskrivne, ser eg at eg har brukt ordet foss i overskrifta saman med namnet Fosse. Det var ikkje planlagt. Det berre blei sånn.

Har du lese same boka, må du gjerne dela lesaropplevinga i kommentarfeltet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar