Litt om bøkene mine:

mandag 31. oktober 2016

Om håkjerringa kunne snakka


Kanskje sumde ho omkring rundt om i Eyjafjórður på Island som ei ung håfrøken då nordmennene var der rundt 1880, ho som no er ei diger håkjerring på nærare sju meter? Og om ho gjorde det, og om eg kunne få slå av ein prat med henne; kva hadde ho då fortalt om hendingane 11.september 1884, då store deler av den norske fiskeflåten blei slengd på land i ein orkanaktig storm så hundrevis av fiskarar blei skutelause?

Avisene frå Island og Norge som kom ut i 1884, fortel ein del. (Stor takk til timarit.is og nb.no som gjer avisene tilgjengelege!) Men dei var ikkje så rause med spaltemetrane på den tida, så me får berre vita det aller nødvendigaste for å forstå kva som hende, og knapt nok det. 

Litt hjelp får me av manns minne når ikkje håkjerringa kan hjelpa oss. For 30 år sidan laga Magne Misje eit radioprogram for NRK som handla om stormen i Eyjafjórður i 1884. Han intervjuar ein eldre islending som fortel at far hans kom til verda den stormnatta. Farfaren blei nærare 100 år, og han hadde fortalt mykje om Nordmannastormen11.september. Eg sit med opptaket i dag, og vips, så er eg fleire generasjonar nærare hendingane. Det gir meg ganske sikker informasjon som eg har brukt i boka "Alt vel" som kjem ut i desse dagar.

Men no har eg spora av, for det var håkjerringa eg skulle dvela ved. For at det var håkjerring på Island på denne tida, er det ingen tvil om. Fleire av dei som fiska håkjerring lånte nemleg ut skipa sine til nokre sildefiskarer dei vekene nordmennene var i fjorden. Og på Island fortel dei framleis om dei store håfiskarane: Jörunder Jónsson var ein av dei. I "Alt vel" er denne episoden skriven inn i handlinga:

«No, du er ikkje ute etter håkjerring for tida?» Ådne visste at karen dreiv dette fisket og hadde tent gode pengar.
«Jo, det er håkjerringa som gir mat på bordet heime hos meg. Eller haien, som me seier. Me får god pris for olja,» svarde han. Men desse månadene de er her for å fiska sild, har eg sikraste inntekta ved å leiga ut skipet mitt som losji til dykk. Så det er bra at de kjem og skaper liv i fjorden her».

«Men de har no driftige folk her på øya, har eg høyrt,» sa Ådne. Eg kom i snakk med Jörunder Jónsson for ei veke sidan. Og han hadde både mange jern i elden og flust med planar for framtida.»

«Ja, han Jörunder, ja. Han får gjort det han har sett seg føre.»

«Han driv karane sine hardt, høyrer eg. Er det ikkje så?» Ådne såg spørjande på Geir.

«Du har høyrt gjete det store haifisket, forstår eg.» Geir kika bor på Ådne, strauk seg over skjegget og sette seg til rettes, klar til å fortelja. «Det er ikkje mange som er som Jörunder. Det har du rett i. På det jamne driv han godt og gir mannskapet gode arbeidsdagar. Men når det røyner på, krev han alt av karane sine. Som då han kom over ein heil stim med hai. Dei fekk om bord den eine haien etter den andre. Og den eine større enn den andre.» Geir reiste seg frå tua han sat på og viste korleis dei halte og drog. «Den største var nesten seks meter lang, fortel dei. Karane blei sjølvsagt slitne, men med slik fangst kom det ikkje på tale å gi seg. Fleire av mennene la seg ned på dekk og kunne ikkje lea ein finger, så trøytte var dei til slutt.» Geir bøygde seg framover, let armane hengja nesten ned i bakken, før han retta seg opp med eit rykk og heldt fram med å fortelja: «Men Jörunder visste råd. Han reiste dei opp att etter kvart som dei la seg ned. Då dei likevel la seg, fann han fram hangikjøt til dei. Og så helte han i dei brennevin. Gjekk frå den eine til den andre, klappa dei på skuldra og sa: «Opp igjen, guten min! Held ut litt til, son!» 
..........................

Kva veit me meir om håkjerringa?
Nyare undersøkingar viser ein estimert alder for dei eldste håkjerringene på 392 år (med en usikkerhet på ± 120 år). Dette viser at håkjerringa er det lengstlevande virveldyret me kjenner.Håkjerringa er ein storvokst haihåkjerringfamilien. Den kan bli over sju meter lang og kan vega over eitt tonn, sjølv om dette er sjelden. Håkjerringa er den haiarten som finnest lengst mot nord, den er observert på 2200 meters dyp, men er vanlegast å finna mellom 200 og 600 meters dyp. (stor noresk leksikon)

Dei som vil bli betre kjend med håkjerringa, kan lesa den briljante Havboka til Morten A Strøksnes, 
eller  Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider, som undertittelen heiter.

Bildet er henta frå artikkelen: Vil ha haier på Polaris

Boka "Alt vel" er til sals i mellom anna hos Haugen bok

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar