Litt om bøkene mine:

torsdag 10. november 2016

Ikkje husbåt, men båthus

Dette er briggen "Norden" av Haugesund:
Nei, dette er eit hus, seier du.
etter han hadde kjøpt restene av "Norden" på auksjon i Akureyri.  Faktisk det første tømmerhuset på øya der han bodde. Elles hadde folket der hus som liknar denne kyrkja som framleis er i bruk:


Slik såg skuta ut då ho drog nordover til Island sommaren 1884.

Då eg besøkte Island i fjor, møtte eg guiden i museet i huset til Jörunder Jónsson, 
og då me sat og snakka om stormen 11.september, sa ho plutseleg:
- Ja, dette huset er bygd av ein brigg frå Haugesund.
Eg såg meg rundt, kjende på tømmeret og såg merke i taket. Eg var inne i briggen!

Det finnest mange restaurerte skuter frå1800-talet som me kan gå ombord i. 
Men no var eg omgitt av originalmaterialer frå "Norden".
Plutseleg rykka histora mange steg nærare meg. 
Og eg blei endå meir motivert til å få gitt ut den historiske romanen om stormen som hadde herja i fjorden for lenge sidan som så få kjenner til. 
Resten av historia finn du i boka  Alt vel.

"Alt vel", roman frå Island og Skudeneshavn, 1884


Året er 1884 og tida er prega av endring.  
Nokre endringar kjem av seg sjølv, andre må ein ha mot for å følgja med på. 
Silda, som vestlendingane før kunne henta utanfor eigne holmar og skjer, 
drar ein no til Island for å henta. 
Om ein vågar.
Det er om lag tretti år til kvinner får røysterett 
og gifte kvinner har ingen råderett over det familien eig, 
men i Skudeneshavn sender enkefru Thoresen skip 
til Island.
Telegrammet bringer siste nytt frå fjernt og nær. Men ikkje frå Island. 
Det tar tid før dei som går heime og ventar får vita 
kva som eigentleg hende under uvêret 11.september 1884, 
då Normannastormen herja.
Alt vel  er ein historisk roman
 som tar deg med 
til ei tid då alt var mykje lenger vekke enn 
eitt tastetrykk.
Boka er git ut på Kapabel forlag, kan kjøpast på bokhandelen eller på Haugenbok.no og Ark.no
eller direkte frå meg for kr 290, - + porto. marit.totland@knett.no  

"Alt vel kan lesast som ein oppfølgjar til Blåstrømpe som kom ut i 2016, 
men kan også stå på eigen bein.
Bli med ein tur til 1800-talet, då mykje var annleis enn i dag!

mandag 7. november 2016

Eit lite reisebrev frå SILK

Skudenes Internasjonale Litteratur- og Kulturfestival er gjennomført, og dei som står for arrangementet, får toppkarakter frå meg. SILK har ein bredde og ein kvalitet som det står respekt av.
Festivalen blei opna av direktøren på Nasjonalbiblioteket Asla Sira Myhre. Holmen brygge var fullsatt, og Sira Myhre imponerte. Ung rebelsk leiar av partiet på ytste fløyen, tenkjer du kanskje. Men: Du må tenkja om igjen. Her var det ein mann i sin beste alder, som framleis er samfunnsengasjert, men som finn verdiar i litteratur og som maktar og formidla engasjementet sitt. Det var ein fryd å høyra på han!

Neste kveld fekk eg sjølv vera med på eit arrangement på Holmen Brygge. Då handla det om dialekt, spesielt Skudenesdialekten. Harald Dahle styrte samtalen. Espen Berg og eg var lokale representantar. Språkvitar og forfattar Helene Uri deltok med sin faglege tyngde med god formidlarevne, og for oss to lokale som deltok; med ein stil og ei haldning som gjorde at me følte oss vel saman med henne. Holmen brygge var meir enn fullsatt. Fantastisk! Superlativ som fantastisk og imponerande må i samme slengen tas i bruk for å gi honnør til Petter Midbøe med familie som har tatt jobben med å laga i stand lokalet.



TV Haugaland/Hnytt fulgte tydelegvis med på kva eg gjorde denne kvelden. Det viste seg då dei sende frå SILK i programmet HELG. Intervjuet med den langveisfarande SILK-fansen og son min, Anders og meg, finn du her: Krysser fjellet for å komme til SILK

Eigentleg drog eg på Silk for å lansera den nye boka mi "Alt vel". Det fekk eg gjera på Silkesenior. Der loste Sigmund Hansen oss vel i hamn. Og nok ein gong fekk eg vera med i eit av dei nye lokala i havn; denne gongen i Gamle verkstedet som no er blitt så godt som nytt. Det tar over 100 mann, og det er ei oppleving for meg som Skudenesbu å stå på podiet framfor ei slik forsamling og snakka om det eg har bala med å samla av stoff og samla i den historiske romanen "Alt vel" som kan lesast som ein oppfølgjar til Blåstrømpe.

Vidare gjekk ute for min del til Skudenes bu og behandlingshjem. Der las eg frå boka. Det gjorde sterkt inntrykk på meg at ei av damene kunne fortelja at ho sjølv hadde vinka farvel til kjærasten sin då dei var nyforlova og han for på Islandsfisket. "Eg såg båten bli mindre og mindre då dei for utover, og  tenkte at eg aldri kom til å få sjå han igjen," sa ho.

Lørdagskvelden var det Fortellerkveld på Verkstedet. No fekk Anders og eg vera på same arrangement. Og det var stas. Tidlegare hadde han vore på skulebesøk, både på Sør-Håland, i havn og på ungdomsskolen. Han las mellom anna frå boka si Engel i snø  (Gyldendal). Flott å sitja ved bordet saman med systrer, svoger og son. Og sidan kvinnheringen Lars Amund Vaage kom innom, måtte me sjølvsagt ha han med oss ved bordet. Vaage deltok på eit arrangement der han snakka om si siste bok.

Sigmund Hansen leia oss trygt gjennom kvelden:

Inni mellom arrangementa var det tid for signering på Hillesland bokhandel og drøs med andre gjester på Reinertsenhuset.

All ære til dei som arrangerer SILK; med John Rullestad i spissen. Dei lagar eit flott program, tar vel i mot gjestene og ordnar alt det praktiske slik at me andre trur at dette er "a piece of cake". Og så er det eigentleg ein stor gallamiddag!

Når eg likevel var i Skudenes, passa det også å besøka ein flokk unge herremenn i Round Table. Der var temaet O C Hansen. Eg peika på kva det vil seia å ha førebilete som Skou frå boka Garborg og skou - forskjell på folk?", redarenka Karina frå "Alt vel" og tåkelurprodusenten O C Hansen.

Round table kvitterte raust for besøket med denne statusen på sida si: Round table

Eg takkar for meg! Dette var berre eit lite inntrykk frå SILK. Det var landskjende forfattarar og internasjonale kjendisar på ulike arranegement som eg dessverre ikkje fekk høyrt på denne gongen. Kanskje eg får betre tid til å høyra dei ein annan gong. Til dei som arbeider med saka: Lukke til med førebuing av neste års SILK!
Følg gjerne med på Silk sine sider og sjå kva me kan venta oss etter kvart som dei arbeider seg framover: Silkfestival.no

Hein Ove Holmgard var "overalt" og har dokumentert festivalen. Det er han som har tatt bildene som eg har fått lov å bruka her. Han er ein flittig fotograf med eit godt auge for kva som gjer seg som bilde, både når det gjeld natur og folk! Han er verd å følgja på Facebook!

Sist, men ikkje minst, takk til Jan Ove som piffar opp presentasjonen min av boka med den islandske nasjonalhymnen. Og her er han nok i ferd med å nå dei lågaste tonane når bildet blir tatt: