Litt om bøkene mine:

torsdag 7. september 2017

Smørbukkgenser

Eit forsøk på strikkeoppskrift på Smørbukkgenser
Er det ikkje på tide at Smørbukk får sin eigen genser når han Marius har vore så å seia einerådande på strikkepinnane? Her kjem i alle fall ein start.
Og vil ikkje ein Smørbukkgenser også formidla at nynorsk er bra? Smørbukk var jo ein ihuga nynorskgut, ikkje av prinsipp, men av rein intuisjon, vil eg tru.

Eg har sett nøye på teikneserien, og ville laga ein god og vid genser. Eg har funne ut at genseren må lagast nokolunde slik til ein fireåring:

Legg opp 150 maskar med svart Sisu (eller anna garn som er ca. 50 gr/175 m) på pinne nr 2,5. Du treng 200 gr raudt garn og 50 gr svart.
Strikk 3 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til raudt og strikk 1 omgang rett.
Strikk 9 omgangar raudt.
Skift til pinne nr 3 og gå over til glattstrikk (berre rett), samstundes som du aukar ved kvar 3. maske. Då får du 200 maskar.
Strikk 3 omgangar raudt (inkl. den omgangen du auka på).
Start så på lusemønsteret, sjå rubrikkmønsteret nedafor.

Sett eit merke der du startar. Ja, gjer det! Ikkje tru at det er like greitt utan. Det er fort gjort komma ut av kor du skal starta ei ny rad om du ikkje gjer dette, og då vil lusa komma i hytt og ver. Flytt merket oppover etter som arbeidet blir større. Har du ikkje nymotens strikkemerke, så bruk ei sikkerhetsnål. Den gjer same nytta.
Gjenta mønstret til arbeidet måler 32 cm. I min genser blei det 19 rader med lus.
Held fram med lusemønsteret mens du strikker vidare til rund hals:
Strikk 45 maskar. Fell 10 maskar.
Strikk omgangen vidare fram til merket i sida. Klipp av tråden.
Sett maskane som nå er att fram til opninga for halsen, over på den høgre pinnen.
Start på ny på venstre side av fellinga. Du har no alle maskane på rundpinnen på same linja i lusemønsteret.
Strikk fram og tilbake og fell slik:
2 maskar i starten på kvar pinne 6 gonger, (altså til saman 12 maskar).
1 maske i starten på kvar pinne 6 gonger (6 maskar).
Strikk til arbeidet måler 37 cm.
Dette blir ein ganske kort genser. Strikk fleire rader med lus om du vil han lenger.
Fell av med raudt.

Ha alltid den raude tråden fremst på peikefingeren med den svarte bak, så blir mønsteret aller finast.

Erme:
Legg opp 42 maskar på pinne nr 2,5.
Strikk 3 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til raudt og strikk 1 omgang rett.
Strikk 9 omgangar raudt 1 rett og 1 vrang.
Skift til pinne nr 3 og gå over til glattstrikk, samstundes som du aukar ved annankvar maske.
Då får du 63 maskar.
Sette eit merke i starten på arbeidet.
Auk kvar 10. maske på nest omgang. D har du 69 maskar.
Etter tre omgangar glattstrikk startar du på lusemønsteret.
Etter 3 luserekker og 1 omgang raudt, aukar du med ein maske på kvar side av merket.
Gjenta aukinga mellom annakvar stripe med lusemønster, altså kvar 10. omgang.
Strikk 18 rekker med lusemønster, Ca 30 cm (avslutt med 3 raude omgangar).
Snu arbeidet på vranga og strikk 6 omgangar raudt glattstrikk til brettekant.


Montering:
Sett ei merke i kvar side på hovudstykket. Legg ermet inntil og merk av kor langt ned
brettekanten rekk. Ta fram symaskina og sy frå toppen og ned til ca. ein halv cm lengre enn
merket. Sy 1 cm tvers over. Sy opp att til toppen med nåla 1 cm frå den første saumen. Fest
trådane godt.
Klipp opp mellom saumane.
Sy saman ved skuldrene (for hand).
Sy i ermet med nåla i den første omgangen med glattstrikk i brettekanten. Bøy brettekanten
ned og fest forsiktig.
Ta opp ca 96 maskar rundt halsen med pinne nr 2,5.
Strikk 7 omgangar 1 rett og 1 vrang.
Skift til svart og strikk 1 omgang rett.
Strikk 3 omgangar svart.
Strikk 1 omgang vrangt (brettekant).
Strikk 9 omganger raudt glattstrikk.
Fell av og sy brettekanten forsiktig og litt laust ned.
Du kan også fella av etter dei tre svarte omgangane dersom du vil ha ei lausare halsopning.

.....
Eg held på å prøvestrikka ein vaksenmodell og ein str 6 år. Kven veit: Plutseleg er det mønster nok til å kle opp heile familien.
.....

Copyright for mønsteret: marit elisebet høines totland 

Du må gjerne ta utskrift av Smørbukkmønsteret og spreia lenka til denne sida til andre. Copyright gjeld berre publisering og bruk av mønsteret for sal.

Det seiest at strikking roar ned blodtrykket.
Stell fint med blodtrykket!
Helsing
Marit Elisebet Høines Totland


Smørbukk er fast gjest i huset i jula

Vil du ta ei pause i strikkinga? Kva med ei sommarfuglbok?

HÅP er ei lita tenkepause, eller ei gåvebok. Første del handlar om larven som fryktar det som skal komma. Andre del handlar om sommarfuglen som symbol. HÅP kjem snart i handel. Kr 150,- Du kan tinga boka her: marit.totland@knett.no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar