Litt om bøkene mine:

lørdag 28. oktober 2017

Sommarfugl anno 1884 og før den tid?


Kor utbreidd var bruken av sommarfuglen som symbol på gravminne? Eg fortel om sommarfuglen både her og der for tida, og i den samanhengen ville det vera svært interessant å vita om det er mange jernkrossar, plater eller gravsteinar rundt omkring med dette flotte symbolet på.

Veit du om gravplassar der det finnest  sommarfuglsymbol, er det flott om du skriv det i kommentarfeltet under her. Så blir eg litt klokare.

I Kvinnherad er det i alle fall ein slik kross; på Fjelberg. Det fann eg ut like før sommarfuglboka «Håp» skulle i trykken. Berre nokre justeringar stod att. Eg hadde manuset med meg til Fjelberg gamle prestegard for å ta ein siste gjennomgang. Boka handlar om sommarfuglen som symbol på oppstoda og det kristne håpet. Eg hadde skrive at sommarfuglen var å finna på støypejernskrossar frå 1800-talet, men hadde ikkje sett slike sjølv nokon gong. Eit Google-søk hadde stadfesta at det var slik; det  fantest både krossar med sommarfugl på veg ut av kokongen og krossar med berre sommarfugl. Det fekk vera dokumentasjon god nok på, hadde eg tenkt, og tok krossane med i boka.

Så står eg og ser ut vindauget på kjøkenet i prestegarden. Og får sjå ein jernkross på gravplassen. Eg går ut for å sjå nærare på han. Når eg kjem heilt bort ser eg at det ikkje er nokon sommarfugl på han. Eg blir litt skuffa. Eg må erkjenna det. Men kva var vel sjansen for at det skulle vera sommarfugl på den eine krossen som stod på første gravplassen eg var på etter at manuset var ferdigskrive?

Eg går nærare. Og ser: Det er ikkje ein kross, det er to. Dei er sette opp mot kvarande så dei ser ut som ein på avstand. Eg går rundt for å sjå på den bakerste krossen. Kva ser eg? Ein sommarfugl! På eit gravminne frå 1884.

Fjelberg prestegard skal gi inspirasjon til forfattarar. Kvalitetssikring av kjelder høyrest ikkje så fint ut, men er vel så viktig når ein formidlar tradisjon og historie. Så Fjelberg prestegard gjorde jobben sin.

Første delen av "Håp" handlar om larvane "Den eine" og "Den andre" som bur på "Den grøne greina". Dei høyrer stygge rykte om framtida. Men alt blir annleis enn dei trudde. Andre delen handlar om sommarfulgen som symbol.
Det ville vera fint om me for alvor gjorde det kjent at sommarfuglen er symbol både på Jesu død og oppstandelse og det nye livet. Derfor har eg laga boka.

- Eg tar ti, sa ei som var innom ein dag.
Er det fleire som vil handla bøker og ha liggande  for å bruka ei bok i staden for ei blomehelsing eller konfekt, kan me avtala pris. Portofritt ved kjøp av minst tre, kan bestillast hos meg: marit.totland@knett.no eller SMS til 98060938

Og bøker er å få kjøpt i bokhandelen for kr 150 i Skudenes, Åkra, Kopervik, på Oasen,
Totland Libris, Nordfjordeid
Bokhandelen i Aksdal, i Rosendal, på Husnes og hos Vikse/Bremnes
Sand i Ryfylke, Egersund, Ølen, Etne, Sveio,
Bok og media, Akersgata /Oslo, (kr 100,-) 
Høyer i Arendal, Bibelbutikken i Sandnes,
Kristelig bokhandel i Haugesund, Bergen, Torp og Bryne,
Vivo i Drammen, Lyngdal og Mandal,
Sunnbok på Stord,
Osøyro Libris og Vatne/Sandnes,
Ark Amanda, Ark Heiane og Ark Stord
og
i Åkra hos Oddrun på butikken.
Dessutan er den å finna i Tvedestrand antikvariat
(litt tidleg å hamna på antikvariat, men men...)


Nettsidene til Bok & Media finn du her

mandag 9. oktober 2017

"Håp" - klar til å finna lesarar

Så er boka ferdig. Heilt ferdig og ligg på bordet her:


Det er blitt mange bøker og hefte frå ulike trykkeri i løpet av åra. Nærmer seg 30. Likevel er det framleis same ufarklarlege opplevinga å ha ei ny bok i handa, nesten slik det var å få ny blyant og nytt viskelær ved starten av eit nytt skuleår.

"Håp" er ei gåvebok med litt tekst saman med eigne malerier: 36 sider, 14x14 cm, innbundet. Nynorsk- og bokmålsutgåve. Kr 150.

Og bøker er å få kjøpt i bokhandelen i Skudenes, Åkra, Kopervik, på Oasen,
Totland Libris, Nordfjordeid
Bokhandelen i Aksdal, Rosendal, på Husnes og hos Vikse/Bremnes
Sand i Ryfylke, Egersund, Ølen, Etne, Sveio,
Bok og media, Akersgata /Oslo,
Høyer i Arendal, Bibelbutikken i Sandnes,
Kristelig bokhandel i Haugesund, Bergen, Torp og Bryne,
Vivo i Drammen, Lyngdal og Mandal,
Sunnbok på Stord,
Ark Amanda, Ark Heiane og Ark Stord
Osøyro Libris og Vatne/Sandnes og
i Åkra hos Oddrun på butikken.
Dessutan er den å finna i Tvedestrand antikvariat
(litt tidleg å hamna på antikvariat, men men...) 

Boka kan også tingast hos meg: marit.totland@knett.no. Portofritt ved kjøp av tre eller fleire.

Nettsidene til Bok & Media finn du her